Friday 4 March 2011

Steven Pushparajah - Top Ten in Norway


















Tamilen Steven Pushparajah frå Ulsteinvik er kåra til rollemodell for innvandrarar.

– Ei anerkjenning for 24 år med hardt arbeid, seier Steven Pushparajah Karunasamy frå Ulsteinvik.

Steven er frå Sri Lanka men har funne sin plass i det norske samfunnet og har dei siste fem åra jobba som ingeniør på Ulstein Verft. Arbeidet består i å rekne ut styrken på skipa som blir bygde ved verftet.











NRK - Møre og Romsdal.

http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/710472/

- Dette er mitt hovedfag og eg kjem til å vere i skipsindustrien resten av livet mitt. Ved sida av dette skal eg prøve å utvikle små produkt i marknaden.

Steven er ein av ti som i år blei kåra av konsulentselskapet Leadership Foundation til Topp innvandrar og ein som kan vere rollemodell for andre.

- Eg føler at ei Top Ten-kåring gir meg status og anerkjenning og at eg er eit forbilde for innvandrarar i Noreg.

Ulsteingruppa har eit internasjonalt miljø med 19 nasjonalitetar representert. Og på kontoret i Ulsteinvik er dei stolte av Steven.

- Dette betyr mykje for oss, det er ei anerkjenning også for bedrifta, kollegaene og miljøet her, seier HM-direktør i Ulstein Group, Torild Bugge.

Bugge synes det er stor stas for alle og seier Steven kan vere ein god rollemodell og eit eksempel vidare.

- Når vi har ulike rollar, kjem frå ulike kulturar og har ulik bakgrunn, så klarer vi å skape meir i fellesskap.

Dei utkåra må vere til glede også for statlege styremakter som krev at innvandrarane må yte for å kunne nyte eit liv i Noreg.

Det finst mange flinke som gjerne vil, men har problem med å sleppe til i arbeidslslivet. Arbeidsløysa er mykje høgare blant innvandrarar enn blant etniske nordmenn.

Geir Barvik, direktør i Integerings - og mangfaldsdirektoratet seier at vi har mange innvandrarar i arbeid og ligg på europatoppen.

- Men vi må få endå fleire i arbeid. Då er det viktig at dei som kjem til Noreg og får seg arbeid også kan bidra til å utvikle arbeidsplassen og også ta leiande roller.

Det starta med sveisearbeid for Steven, kort tid etter at han i april 1987 kom til Noreg som flyktning. Ingniørutdanning tok han i Ålesund og har sidan fått god jobb.

- Mitt råd er først og fremst at alle innvandrar som kjem til Noreg må lære seg språket. Så må dei vere oppsøkjande og kome ut i samfunnet.

Steven Pushparajah er den første innvandraren som nokon sinne har fått plass på kommunevallista til Ulstein Høgre. Tor Meinseth meiner det var på tide å bryte barrieren, og peikar på at Steven er ein ressursperson som er godt integrert i lokalmiljøet.








 
 
 

Steven Pushparajah, som nyst er kåra til ein av dei ti beste innvandrarane i Noreg, har fått plass på Ulstein Høgre si kommunevalliste til hausten.

Tor Meinseth, som både er formann i Ulstein Høgre og leiar i nominasjonsnemnda, meiner Steven Pushparajah er den første innvandraren som nokon gong har fått plass på kommunevallista til Ulstein Høgre.

– No har vi brote ein barriere. Det er viktig for partiet å få nye impulsar, og det er viktig for innvandrarar å engasjere seg i norsk politikk, kommenterer Meinseth.

– Ressursperson

Steven Pushparajah kom til Noreg frå Sri Lanka i 1987, og er i dag senior marinteknisk ingeniør i Ulstein Group.

For ei tid tilbake kontakta han Tor Meinseth og sa han var interessert i å melde seg inn i partiet. Meinseth sende brosjyrar, og ei stund seinare vart Steven medlem av partiet.

No har nominasjonsnemnda altså ført han opp på lista.

– Han er ein ressursperson som vi gjerne vil ha der. Han snakkar godt norsk, er godt integrert og kjenner godt lokalmiljøet, oppsummerer leiaren i nominasjonsnemnda.

Steven Pushparajah fortel at han har stemt Høgre ved dei tre siste vala, og han har merka seg at Høgre jobbar hardt for verdiskaping.

– I Noreg er det no mellom 15.000 og 16.000 innvandrarar frå Sri Lanka. Eg er politisk leiar for Landsrådet for norske tamilar, men har ikkje høyrt om ein einaste som er aktiv Høgre-politikar. Det synest eg i grunnen er rart.

Steven meiner norske politikarar bør engasjere seg meir i konflikten på Sri Lanka. I fjor sommar var alle partileiarane inviterte til å halde appell framfor Stortinget, men Erna Solberg frå Høgre var einaste partileiaren som kom.

– Eg har full respekt for haldningane hennar, seier Steven.

Eitt av måla hans er å få fleire tamilar til å engasjere seg i høgrepolitikk.

– Vi innvandrarar må tenkje på at vi er komne hit for å hjelpe til med å byggje landet, seier han.

Og får full støtte frå lokallagsleiar Tor Meinseth.

Kilder:
http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/710472/
http://www.vikebladet.no/frapapir/article303114.ece
http://www.smp.no/nyheter/soere/article300377.ece
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7502621

No comments:

Post a Comment