Thursday 18 February 2010

Ein sensitiv formidlar













Dhayalan Velauthapillai Forskar og professor ved Høgskolen i Bergen.

Då alt brann opp i krigen på Sri Lanka, fann Dhayalan Velauthapillai ut at han måtte bort.

Frå han kom som ingeniørstudent til Bergen i 1984 og fram til i dag, som professor ved Høgskolen i Bergen (HiB) og eldsjel for minoritetars integrering, har engasjementet drive Dhayalan Velauthapillai til stor suksess i det norske samfunnet.

Nyleg blei han kåra til ein av dei ti fyrstegenerasjonsinnvandrarane som har inntatt ei leiande rolle i norsk arbeids- og samfunnsliv. Prosjektet skal vise «vegen til suksess» og byggje rollemodellar av internasjonale personar som har lukkast i Norge. Han ler kledeleg sjenert på spørsmål om korleis han har fått så stor suksess.

– Eg blei veldig audmjuk og glad. Det var veldig lite forventa. Det er sikkert mange som har hatt mykje meir suksess enn meg. Utan engasjementet hadde eg ikkje vore mykje.

Dhayalan, som er norsk-tamilar, har engasjert seg i eit utal organisasjonar og utval som arbeider for minoritetar. Kjepphestane hans er høgare utdanning og meir samfunnsdeltaking.

– Det er ein føresetnad for å bli integrert i Noreg. Deretter må vi gi noko tilbake til samfunnet, ivrar eldsjela, medan han serverer kokande tevatn til alle utanom seg sjølv.

FØDT PROFESSOR
Dhayalan sitt liv står i stil med bodskapen hans. Han visste til dømes allereie som åtteåring at han ville bli professor. Barndommen på Sri Lanka var prega av snakk om undertrykking og diskriminering frå styresmaktene.

– Det vekka engasjementet i meg. Eg blei politisk bevisst i byrjinga av barneskulen. På ungdomsskulen var eg med i fleire politiske foreiningar.

Han understrekar samtidig at det tamilske samfunnet han vaks opp i romma meir enn misnøye.

– Vi var veldig knytt til kvarandre. Familie og naboar. Vi hadde heile tida ei kjensle av at vi ikkje var aleine. På den måten lærer du å tenkje på dei rundt deg meir enn den materialistiske verda.

Han trur det kan vere noko av grunnen til at han i dag har så mange ulike engasjement.

– Eg har veldig problem med å seie nei. Ofte har eg to avtalar samtidig. Eg får ei god kjensle av å ha ofra tida mi for andre. Tamilane er slik.

FLYKTA FRÅ BOMBEREGNET
Etter krigen braut ut, var det ingeniørstudiet som førte Dhayalan til Noreg og Bergen.

– Alt hadde brent opp. Då tenkte eg at eg måtte søke meg bort, begynne på nytt.

Medan den vordande professoren underviste medstudentar i realfag på fritida, møtte han kvinna som i dag er kona hans. I dag nyt dei livet i Bergen med fire søner i alderen åtte til 18 år.

– Det er veldig roleg her, ganske optimalt. Ikkje så mange folk, men likevel er det ein by. Med fjell, legg han til.  Fjell som han likar betre å sjå på enn å gå i.

– Eg er ikkje flink å gå tur, men eg er fanga av den nydelege naturen, eg nyt det, seier han, som om han les poesi.

GRIN OFTE
Det er i Bergen han ser ei framtid for seg og familien.

– Bergen er heimen vår no. Eg har budd i Noreg lenger enn eg har budd på Sri Lanka.

Saknet til fødelandet forsvinn likevel ikkje. Smilet forsvinn når han tenkjer på det som har skjedd.

– I 2003 hadde eg høge ambisjonar. Eg var med i prosjekt med fleire organisasjonar om universitetssamarbeid med Universitetet i Bergen, men mange av dei som engasjerte seg, døydde då krigen blussa opp igjen. Framleis veit eg ikkje skjebnen til venene mine.

Store interneringsleirar husar i dag over 100 000 tamilar. Dhayalan tenker mykje på dei.– Eg var med og gjekk i demonstrasjonstog for dei i vinter. Vi må ta kraftig avstand frå uretten. Det er eit folkemord, men ingen snakkar om det.

Stemmen er roleg. Augo er alvorlege og munnen dirrar svakt. Kjenslene lar seg ikkje stoppe, ifølgje han sjølv.

– Eg er engasjert og sensitiv. Viss eg ser nokon som lir, begynner eg å grine med ein gong. Eg blir sint, men er tolmodig.

LES MINDRE
Dhayalan opplevde stor forskjell på å vere student i Sri Lanka og Noreg.

– Der måtte tamilane ha høgare karakterar enn singhalesarar for å kome inn på studiet. Det førte til at dei som kom inn skulle verkeleg jobba.

Slik var det ikkje i Noreg.

– Det var avslappa her. Ansvaret låg hos kvar enkelt student. Var ein engasjert kunne ein nå langt. På Sri Lanka var det professorane som bestemte alt, vi var redde for å snakke fritt.

Som førelesar har han følgd utviklinga på studentane. Han opplever at vi bruker stadig mindre tid på lesesalen.

– Mange jobbar for å dekke ein materialistisk livsstil. Dei innser ikkje alvoret før dei begynner på master.

– Er dagens studentar er meir sjølvopptatte?

– Nokon, men langt frå alle. Studentane før hadde meir til opprør, trur han, men skundar seg å leggje til at han ikkje vil sei noko negativt om studentar.

LEVER FOR STUDENTANE
Han set seg lenger og lenger fram på sofaen. Dei mørke augene er store og levande, det kvite smilet breitt.
– Du ser du blir godt mottatt og at andre får glede av den kunnskapen du legg fram for dei. Ikkje alle er så heldige med jobben sin, seier han fleire gonger.

Gleda over faget og undervisninga har smitta over på studentane. Dei har løna han med tittelen «Årets førelesar» på HiB allereie første året han føreleste på høgskulen.

- Løyndommen bak ei god førelesing er å sjå kvar enkelt student, trur den populære kunnskapsformidlaren.

– Eg prøver å sjå alle ansikta, prøver å lese korleis dei tenkjer. Eg er opptatt av at einkvar skal forstå. Ser eg at dei ikkje gjer det, får eg dårleg samvit. Eg føler det er mitt ansvar at dei får nytte av førelesinga.

– Eg går rundt og spør om dei lurer på noko, og dei kjem og snakkar med meg på kontoret. Eg blir rørt over at dei føler dei kan kome til meg når dei treng hjelp.

– Det høyres ut som du har funne draumejobben din?

– Ja! Eg er veldig privilegert. Når eg føreleser er eg alltid på overtid. Når du trivest og ser at arbeidet nyttar, merkar du ikkje at tida går.

LITE FAMILIETID
Det krev sin mann å vera engasjert i så mykje både profesjonelt og på frivillig basis. Han vedgår at det har gått utover familien.

– Eg har ikkje brukt mykje tid på familien. Tida då barna var små kjem aldri tilbake. Men når eg reiser, passar eg på alltid å vere tilbake same dagen, skundar han å leggje til.

Han trekk fram den tamiliske laurdagsskulen, der heile familien tek del, som positivt for alle partar. Men sjølv eldsjeler må kople av. Saman med sønene følgjer han med på Brann, men favoritten er cricket. Elles blir det mange debattprogram, historiske filmar og tamilsk musikk. Realisten har nemleg ein musikar i magen.

– Eg syng av og til, men viss eg skulle gjort noko om igjen skulle eg lært meg å spele gitar. Eg trur det gir energi. Å spele må vere den beste måten kople av lesinga på.

EIN TANKEVEKKJER
Dhayalan lærte mykje norsk ved å bu på Fantoft. Den gongen budde det mange norske studentar der, men ikkje alle var like inkluderande. Han trur dagens studentar er meir verdsvante og derfor flinkare å ta kontakt sjølv, men ber oss tenkje oss om i møte med framandspråklege.

– Tenk viss du var aleine i eit anna land. Det er ikkje like lett for alle å ta initiativ då. Har ein i tillegg språkvanskar krevst det endå meir. Dei som er ein del av majoriteten må ta ansvar.

Og dette engasjementet, ifølgje han sjølv, finst det ei god oppskrift på.

– Vi må aldri samanlikne oss med dei rikaste, men med dei som har det vondt. Då kjem engasjementet av seg sjølv.











Dhayalan Velauthapillai
Forskar og professor ved Høgskolen i Bergen.
Foreleser i fysikk- og teknologifag.
Født på Sri Lanka i 1964.
Bur no i Bergen.
Kjent for sitt engasjement for tamilar både i Bergen og på Sri Lanka.

Kilde: studvest.no

No comments:

Post a Comment